Kunstguide:
Roar Kjærnstad - Badende Pike
Roar Kjærnstad er ein norsk billedkunstnar busatt i Stange, med atelier i Oslo tilknytta Senter for Frie Kunster. Han arbeidar med oljemaleri, tegning, grafikk og trykk, i ein klassisk figurativ tradisjon med vekt på håndverket. Kjærnstad er utdanna ved Nansenskolens kunstlinje og Royal Art Academy i Antwerpen.
M. Vangsnes - ukjent motiv
Magne Vangsnes
Magne Oddvin Vangsnes fødd 1945 frå Vangsnes. Biletkunstnar som arbeider med grafikk, materialbilete, «land art» og installasjonar.
Utdanna lærar ved Hamar lærarskule og som formingslærar ved Stord lærarskule. Har elles utdanna seg som kunstnar i Noreg og ved studieopphald i Tyskland og USA. Debuterte på Vestlands-utstillinga i 1972, og har sidan vore hyppig deltakar på denne og Statens haustutstilling.
Eitt av ”land art”-kunstverka til Magne Vangsnes: ”Blått pæretre” i Leikanger.
Han har hatt fleire separatutstillingar i dei største norske byane og i Sogn og Fjordane, og har delteke i ei rad kollektivutstillingar i Noreg og i utlandet - m.a. USA, Tyskland, USA, Kina, Danmark og Slovakia. Arbeida hans er kjøpt inn m.a. av Norsk Kulturråd, Bergen Kommunes Kunstsamlinger og Sogn og Fjordane kunstmuseum. I Sogn og Fjordane har han m.a. hatt utsmykkingsoppdrag ved Sjukepleiarhøgskulen i Førde og på Årdalstangen Torg.
Av materialarbeida har m.a. skulpturforma «brynjer» av sjølvlaga papir vekt oppsikt, og av «land art» har Vangsnes m.a. utført prosjektet «Hes» ved Fjærlandsfjorden i 1990.
Vangsnes var medskipar av BK Sogn og Fjordane og av Sogn og Fjordane Kunstnarsenter, og har hatt styreleiarverv i begge. Han var koordinator for den store Miljøkunstveka i Førde i 1989. Han har vore styremedlem i Norske Grafikere og jurymedlem for Vestlandsutstillinga fleire gonger, og leiar for juryen for Haustutstillinga 2002-2003. Leiar ved Sogn og Fjordane kunstmuseum 1999 -2001. Har hatt Statens tre-årige arbeidsstipend.
Aase Kvikne Bjordal - Fjordbotn
(1921 - 2009)
Bjordal er fødd og oppvaksen i Balestrand, og er dottera til Sigurd og Marta Kvikne, som eigde Kvikne's Hotel. Ho er utdanna ved Statens Handverks- og kunstindustriskule i Oslo, Vestlandske kunstakademi i Bergen og Bergen kunsthandverkskule. Bjordal finn motiva sine i det gamle bygdemiljøet. Teknikkar som kaldnål, akvatint, etsing og serigrafi passar godt til desse motiva. Ho har gjort mange utsmykkings-oppgåver, og hatt mange utstillingar.
Adelsteen Normann - Tjugum mot Esefjella
(1848 - 1918)
Eilert Adelsteen Normann (1. mai 1848–26. desember 1918) var ein norsk målar. Han utdanna seg i Düsseldorf i Tyskland og busette seg der. Sommarstid reiste han rundt i Nord-Noreg og laga skisser. Han spesialiserte seg på romantiske fjordlandskap, gjerne med ein liten dampbåt eller seglbåt på spegelblankt hav. Normann var den fyrste frå Nord-Noreg som etablerte seg som kunstmålar.
Normann var son til ein gardbrukar og handelsmann på Vågøya i Bodin. Etter å ha rabeidd som krambusvein hos kjøpmann Koch i Bodø by, reiste han til Bergen og seinare København for å lære seg handelsyrket. Under studiane i København tok kunstinteressa overhand. Åra 1869-73 studerte han ved kunstakademiet i Düsseldorf, der han vart mykje påverka av tradisjonen til landsmannen Hans Gude. Han vart såleis ein typisk sein-düsseldorfar. Normann fann seg også ektemake og fast adresse i Rhin-byen, i ei tid då andre norske målarar søkte mot Paris.
Med sin bakgrunn frå Nordland spesialiserte Normann seg på norske fjordlandskap. Motiva fann han især i Lofoten og Nord-Norge elles, samt rundt Sognefjorden. På studiereisene i Noreg tok han skisser som han brukte til å komponere landskapsbilete i storformat. Fjordmotiva hans er gjerne prega av stupbratte fjell over solblank fjord og sjø. Lyset spela ei stor rolle i Normann sine bilete, han var av dei fyrste norske målarane som nytta midnattssola som motiv. Han skal vere opphavsmann til termen «midnattssolas land». Måleria hans vart svært populære hos det tyske kunstpublikum.
Einar Enblom - Frå Fjærland
(1900-1936)
Emblom var svensk, og var fødd i Stockholm. Trass i sin svenske herkomst, er det rett å kalle Emblom "Balholm-målar". Me veit at Emblom oppheldt seg i Balestrand over lengre periodar. Han var mellom annan god ven med Sigurd Kvikne d. e., og vart av familien Kvikne kalla Onkel Einar. Han var i Balestrand om sommaren, og i Sveits om vinteren. Emblom døydde i Sveits berre 36 år gamal.
Roar Kjærnstad - Dommen
Roar Kjærnstad er ein norsk billedkunstnar busatt i Stange, med atelier i Oslo tilknytta Senter for Frie Kunster. Han arbeidar med oljemaleri, tegning, grafikk og trykk, i ein klassisk figurativ tradisjon med vekt på håndverket. Kjærnstad er utdanna ved Nansenskolens kunstlinje og Royal Art Academy i Antwerpen.
Eva Langaas - ukjent motiv
Eva Langaas (1940 - 2016) var en kunstner med internasjonal appell og med grafikk som kjennetegnes av sensuelle former i frodig fargespill. Langaas var opprinnelig utdannet tekstilkunstner, men mange år med tungt fysisk arbeid innen tekstilfaget bidro til at hun begynte å arbeide med grafikk og malerier. Hennes litografier bærer likevel spor av en tekstilkunstner.
Langaas hadde utstråling og en evne til å skape trivsel rundt seg, noe som gir seg utslag i hennes fargerike litografier. Motivene og fargeflatene gir rom for fundering, og til å gå på oppdagelsesferd i rommet. Hennes naturbilder er dramatiske og ligger i grenselandet mellom det abstrakte og figurative ofte med innslag av kjente symboler. Eva Langaas debuterte på høstutstillingen i Oslo i 1972 og hadde sin første separatutstilling på det prestisjefylte galleriet i Helland Kungsträdgården i Stockholm noen år senere. Hun har også hatt utstillinger i Roma, Geneve, Singapore, New York og Paris.
F. Smith-Hald
Frithjof Smith-Hald
Pike med vogn og smørkringle. Frithjof Smith-Hald. 1887. Digitalt Museum Dag Andre Ivarsøy/Nasjonalmuseet. Gjengitt med tillatelse
S.-H. begynte tidlig å bruke begge foreldrenes etternavn. Han skulle bli forretningsmann, men bestemte seg snart for kunstnerbanen og fikk sin utdannelse på Tegneskolen og J. F. Eckersbergs malerskole i Kristiania 1865 - 70. Christian Skredsvig har gitt en fornøyelig skildring av ham i disse årene. Så fulgte studier i Karlsruhe og Düsseldorf 1871 - 78. Et besøk i Paris like etter nyttår 1876 åpnet hans øyne for den nye franske kunst, og S.-H. flyttet i 1878 til Paris, der han med smidig tilpasningsevne tilegnet seg den franske salon-realisme med dens gråstemte valørmaleri og folkelige motiver. Disse hentet S.-H. gjerne fra Norge, helst utførte han strand- og sjøbilder med staffasje av fiskere og sjøfolk. Ofte malte han stemningsbetonte bilder med måneskinn og solnedganger ved sommer og vinter. Andre motiver hentet han fra den franske og engelske kanalkyst. Disse bildene ble meget populære, og i de tidlige 80-årene representerte S.-H. norsk landskapskunst nesten alene på Paris-salonen, der han årlig deltok. Han fikk velvillig kritikk av de franske kunstanmeldere og ble innkjøpt til en rekke av landets museer, også enkelte tyske og nederlandske. Således ervervet museet i Lille Dampskipsstasjon i Norge (1880), Haag Vinteraften ved havet (1882), Reims Sommernatt i Norge (1888), Rouen Garnrensning, Louvre, Paris Det gamle fiskegarn, La Rochelle Garnet, Bordeaux Oktoberaften i Norge, Montpellier Hjem fra arbeid. Andre arbeider kom til Boulogne og Le Havre, til tyske samlinger f.eks. i Köln (Hjem fra fiske, 1880) og Danzig og til Agnew Gallery, London (Morgen i Conwall og Engstelse). S.-H. solgte også til store privatsamlinger i Paris, London og USA. I Norge er det forholdsvis få arbeider av S.-H., en god del ble ødelagt da huset til hans sønn i Bergen brant ned.
Terje Grødstad - ukjent motiv
Terje Grøstad var en norsk grafiker fra Seljord i Telemark. Faren var bokhandler, og Terje Grøstad vokste opp i Drammen. Familien bosatte seg i Oslo i 1945. Samme år ble Grøstad elev ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole under Karl Høgberg.
Astrup - ukjent motiv
Malaren Nikolai Astrup virket i tida frå omkring 1900 til slutten av 1920-åra. Han budde og virket i Jølster i Sogn og Fjordane, bygda der han var vokst opp, og maleria og grafikken hans er sterkt prega av naturen og bygdemiljøet. Han utvikla ein koloristisk rik og personleg kunst, merka av ein mystisk betont naturoppleving. Maleria av jonsokbål frå åra 1902–12 er blant hans mest kjende verk. Heimen hans, Astruptunet sør for Jølstervatnet, er no museum.
Han var elev av Harriet Backer 1899–1901 og neste år av Christian Krohg i Paris. Bortsett frå kortvarige reiser til England, Spania og Algerie levde Astrup frå 1905 til sin død på sin gård i Jølster.
Nikolai Astrup utforma i intimt samspel med naturen og det særprega bygdemiljøet ein koloristisk rik, sterkt personleg kunst, fylt av ein mystisk betont, nesten panteistisk naturoppleving. Ein djup romantisk tone kjenneteikner mange av hans tidlige arbeid, som Vårkveldsol (1902) og dei forskjellige utgåvene med Jonsokbål, frå åra 1902–12.
Dette maleriet er ein posthum reproduksjon av eit maleri som er å finne i Rasmus Meyers samlingar, på Kode i Bergen. Du kan lese meir om originalen i deira digitale katalog: Nikolai Astrup, Kollen, Olje på lerret, 1905 - 1906. Rasmus Meyers samlinger, Kode Kunstmuseer og komponisthjem.
Astrup sin kunst er særleg godt representert i Bergen Kunstmuseum der ein meget omfattande samling maleri, grafikk og teikningar er langtidsdeponert av Sparebankstiftelsen DNB. Astrup er og representert med ei rekke sentrale arbeider i Rasmus Meyers Samlinger. Seinare blei hans kunst lysare i tonen, ofte lyrisk drømmande som i dei mange vårkveldsbilete og saftiggrønne sommarlandskap. Dei har ofte eit visst naivistisk preg, delvis inspirert av Henri Rousseau.
I sine fargetresnitt blei Astrup banebrytande. Dei finst i mange fargevariantar, ofte og retusjert med pensel: Fugl på stein, Revebjeller, Soleinatt, Plognatten og Kvennagongsvatten. Astrup illustrerte H. E. Kincks Vestlandsnoveller (utg. 1942).
Kindelberger - ukjent motiv
David Kindleberger (1834-1921)
Amerikansk marinelege og hobbymålar som på 1900-talet slo seg ned i Balestrand. David var fødd i Smithville, Origon. Etter studie ved Wittenberg College gjekk han i 1859 inn i U.S.N. som marinelege. Han hadde ei lang militær karriere, og sjøl etter han var pensjonist hadde han fleire stillingar i den amerikanske Sanitet, bl.a. sjef for U.S. Naval Hospital i Philadelphia og sjef for Naval Hospital i Guatemala (1914). Det er få stader det er gjeve opplysningar om at Kindleberger var kunstmålar, men for Balestrand står han helst fram som kunstmålar. Han fell naturleg saman med dei andre kunstmålarane som bygde seg drakestilvillaer her. Han var ingen stor kunstmålar, men på sitt beste kunne han skape flotte verk av feks. Balestrand.
Kjerulf Tranås - Svinebolet
Tranås vaks opp i Førde, budde mesteparten av sitt liv i Stryn, Nordfjord, og tilbrakte dei siste åra på Lillehammer. Han var eit mangesidig talent, blei som ung regna som ein lovande malar, og skreiv tre bøker i åra 1900-10. Under opphaldet i København holdt han ei rekke foredrag i studentersamfund og kunstnarforeiningar. Tranås malte fleire dramatiske figurkomposisjonar (For seint, 1905, og Jernbyrden, før 1920), og ei rekke landskapsmotiv frå Nord- og Sunnfjord, kor han veksla mellom ein særprega romantisk mystisisme og stillferdige og følsomt oppfatta naturstudiar.
Abraham Sætren
(1914 - 1976)
Abraham Sætren kom til verden ut mot havet på øya Vågsøy rett sør for Stadt, og fikk da navnet Abraham Refvik som sin far. Her var det fiske og jordbruk som sørget for det nødvendigste. Utover å hjelpe til i fjøset og ute på havet tegnet og malte Abraham straks han hadde en ledig stund, dersom det da ikke var møter i Speideren som han var svært opptatt av. På 1930 tallet flyttet han til Gloppen i Nordfjord og tok der navnet Sætren. Helsa var ikke så god, økonomien dårlig, men humøret var alltid godt. Hovedinntekten til Abraham kom fra salg av malerier, men i perioder spedde han på økonomien med ekstra kortvarige jobber.
Abraham malte sjelden etter fotografier, men tok helst skisser av det han skulle male og førte gjerne inn på skissene hvilke farger som skulle brukes her og der. Siden det helst var malerier fra fjord og fjell han malte var Abraham et friluftsmenneske. For å transportere seg selv rundt brukte han helst sykkel, men årlig hadde han turer til Jotunheimen for å male derifra. Enkelte portretter av fartøy har han også laget, og disse er trolig bestilt av fartøyeierne selv.
Abraham Sætren hadde trolig ingen skolegang utover folkeskolen, ei heller innenfor tegning og maling. Han var en autodidakt som studerte malerier av andre malere og gjorde det beste ut av det. Malerier laget av Sætren finnes på Vestlandet, og da aller mest i Nordfjord. Noe stort gjennombrudd som kunstner fikk han aldri. Høsten 1976 døde Sætren og blei gravlagt ved kirken der han vokste opp. Ut mot havet.
Abraham Sætren
(1914 - 1976)
Abraham Sætren kom til verden ut mot havet på øya Vågsøy rett sør for Stadt, og fikk da navnet Abraham Refvik som sin far. Her var det fiske og jordbruk som sørget for det nødvendigste. Utover å hjelpe til i fjøset og ute på havet tegnet og malte Abraham straks han hadde en ledig stund, dersom det da ikke var møter i Speideren som han var svært opptatt av. På 1930 tallet flyttet han til Gloppen i Nordfjord og tok der navnet Sætren. Helsa var ikke så god, økonomien dårlig, men humøret var alltid godt. Hovedinntekten til Abraham kom fra salg av malerier, men i perioder spedde han på økonomien med ekstra kortvarige jobber.
Abraham malte sjelden etter fotografier, men tok helst skisser av det han skulle male og førte gjerne inn på skissene hvilke farger som skulle brukes her og der. Siden det helst var malerier fra fjord og fjell han malte var Abraham et friluftsmenneske. For å transportere seg selv rundt brukte han helst sykkel, men årlig hadde han turer til Jotunheimen for å male derifra. Enkelte portretter av fartøy har han også laget, og disse er trolig bestilt av fartøyeierne selv.
Abraham Sætren hadde trolig ingen skolegang utover folkeskolen, ei heller innenfor tegning og maling. Han var en autodidakt som studerte malerier av andre malere og gjorde det beste ut av det. Malerier laget av Sætren finnes på Vestlandet, og da aller mest i Nordfjord. Noe stort gjennombrudd som kunstner fikk han aldri. Høsten 1976 døde Sætren og blei gravlagt ved kirken der han vokste opp. Ut mot havet.