Posts in Gamle resepsjonen
Einar Enblom - Slaktarbui

(1900-1936)

Enblom var svensk, og var fødd i Stockholm. Trass i sin svenske herkomst, er det rett å kalle Enblom "Balholm-målar". Me veit at Enblom oppheldt seg i Balestrand over lengre periodar. Han var mellom annan god ven med Sigurd Kvikne d. e., og vart av familien Kvikne kalla Onkel Einar.

Han var i Balestrand om sommaren, og i Sveits om vinteren. Enblom døydde i Sveits berre 36 år gamal.

Read More
Johan Fahlstrøm - Sigurd Kvikne, D.E.

(1867-1938)

Fahlstrøm vokste opp i Trondheim. Han debuterte på Christiania Theater 1887 som En Borger i Shakespeares Julius Cæsar. Alma Bosse, som senere skulle bli hans kone, hadde fått i oppdrag av instruktøren, Bjørn Bjørnson, å “slipe av” Johans markante trønderdialekt. Det tok tid: Både slike og andre særpreg gjorde ham de første årene til en litt komisk figur i publikums øyne, inntil han 1890 slo igjennom som Krogstad i Et dukkehjem. Fra da av vokste oppgavene fra sesong til sesong: Byggmester Solness, Erasmus Montanus, Den stundesløse, pastor Sang. Klassisk repertoar og samtidsdramatikk – begge deler lå ham nær. I 1938 døde han i Balestrand, Sogn og Fjordane.

Read More
Einar Enblom - Frå Tjugum

(1900-1936)

Enblom var svensk, og var fødd i Stockholm. Trass i sin svenske herkomst, er det rett å kalle Enblom "Balholm-målar". Me veit at Enblom oppheldt seg i Balestrand over lengre periodar. Han var mellom annan god ven med Sigurd Kvikne d. e., og vart av familien Kvikne kalla Onkel Einar.

Han var i Balestrand om sommaren, og i Sveits om vinteren. Enblom døydde i Sveits berre 36 år gamal.

Read More
Adelsteen Normann - Kvikne's Hotel

(1848 - 1918) 

Eilert Adelsteen Normann (1. mai 1848–26. desember 1918) var ein norsk målar. Han utdanna seg i Düsseldorf i Tyskland og busette seg der. Sommarstid reiste han rundt i Nord-Noreg og laga skisser. Han spesialiserte seg på romantiske fjordlandskap, gjerne med ein liten dampbåt eller seglbåt på spegelblankt hav. Normann var den fyrste frå Nord-Noreg som etablerte seg som kunstmålar.

Normann var son til ein gardbrukar og handelsmann på Vågøya i Bodin. Etter å ha rabeidd som krambusvein hos kjøpmann Koch i Bodø by, reiste han til Bergen og seinare København for å lære seg handelsyrket. Under studiane i København tok kunstinteressa overhand.

Åra 1869-73 studerte han ved kunstakademiet i Düsseldorf, der han vart mykje påverka av tradisjonen til landsmannen Hans Gude. Han vart såleis ein typisk sein-düsseldorfar. Normann fann seg også ektemake og fast adresse i Rhin-byen, i ei tid då andre norske målarar søkte mot Paris.

Med sin bakgrunn frå Nordland spesialiserte Normann seg på norske fjordlandskap. Motiva fann han især i Lofoten og Nord-Norge elles, samt rundt Sognefjorden. På studiereisene i Noreg tok han skisser som han brukte til å komponere landskapsbilete i storformat.

Fjordmotiva hans er gjerne prega av stupbratte fjell over solblank fjord og sjø. Lyset spela ei stor rolle i Normann sine bilete, han var av dei fyrste norske målarane som nytta midnattssola som motiv. Han skal vere opphavsmann til termen «midnattssolas land». Måleria hans vart svært populære hos det tyske kunstpublikum.

Read More