Posts in Resepsjon-Balholm Bar
Aase Kvikne Bjordal - Fjordbotn

(1921 - 2009)

Bjordal er fødd og oppvaksen i Balestrand, og er dottera til Sigurd og Marta Kvikne, som eigde Kvikne's Hotel. Ho er utdanna ved Statens Handverks- og kunstindustriskule i Oslo, Vestlandske kunstakademi i Bergen og Bergen kunsthandverkskule. Bjordal finn motiva sine i det gamle bygdemiljøet. Teknikkar som kaldnål, akvatint, etsing og serigrafi passar godt til desse motiva. Ho har gjort mange utsmykkings-oppgåver, og hatt mange utstillingar.

Read More
M. Vangsnes - ukjent motiv

Magne Vangsnes

Magne Oddvin Vangsnes fødd 1945 frå Vangsnes. Biletkunstnar som arbeider med grafikk, materialbilete, «land art» og installasjonar.

Utdanna lærar ved Hamar lærarskule og som formingslærar ved Stord lærarskule. Har elles utdanna seg som kunstnar i Noreg og ved studieopphald i Tyskland og USA. Debuterte på Vestlands-utstillinga i 1972, og har sidan vore hyppig deltakar på denne og Statens haustutstilling.

Eitt av ”land art”-kunstverka til Magne Vangsnes: ”Blått pæretre” i Leikanger.
Eitt av ”land art”-kunstverka til Magne Vangsnes: ”Blått pæretre” i Leikanger.

Han har hatt fleire separatutstillingar i dei største norske byane og i Sogn og Fjordane, og har delteke i ei rad kollektivutstillingar i Noreg og i utlandet - m.a. USA, Tyskland, USA, Kina, Danmark og Slovakia. Arbeida hans er kjøpt inn m.a. av Norsk Kulturråd, Bergen Kommunes Kunstsamlinger og Sogn og Fjordane kunstmuseum. I Sogn og Fjordane har han m.a. hatt utsmykkingsoppdrag ved Sjukepleiarhøgskulen i Førde og på Årdalstangen Torg.

Av materialarbeida har m.a. skulpturforma «brynjer» av sjølvlaga papir vekt oppsikt, og av «land art» har Vangsnes m.a. utført prosjektet «Hes» ved Fjærlandsfjorden i 1990.

Vangsnes var medskipar av BK Sogn og Fjordane og av Sogn og Fjordane Kunstnarsenter, og har hatt styreleiarverv i begge. Han var koordinator for den store Miljøkunstveka i Førde i 1989. Han har vore styremedlem i Norske Grafikere og jurymedlem for Vestlandsutstillinga fleire gonger, og leiar for juryen for Haustutstillinga 2002-2003. Leiar ved Sogn og Fjordane kunstmuseum 1999 -2001. Har hatt Statens tre-årige arbeidsstipend.

Read More
Aase Kvikne Bjordal - Kvikne's Hotel 1913

(1921 - 2009) 

Bjordal er fødd og oppvaksen i Balestrand, og er dottera til Sigurd og Marta Kvikne, som eigde Kvikne's Hotel. Ho er utdanna ved Statens Handverks- og kunstindustriskule i Oslo, Vestlandske kunstakademi i Bergen og Bergen kunsthandverkskule.

Bjordal finn motiva sine i det gamle bygdemiljøet. Teknikkar som kaldnål, akvatint, etsing og serigrafi passar godt til desse motiva. Ho har gjort mange utsmykkings-oppgåver, og hatt mange utstillingar.

Read More