Kunstguide:
Lars Printz - ukjent motiv
(1889 - 1968)
Printz var fødd på Nes på Romerike. Han studerte i Kristiania under mellom andre Christian Krogh og Halfdan Strøm. Han budde i Balestrand ganske lenge, og var godt likt av bygdefolket. Det finst mange bileter av Printz her i Balestrand.
Håkon Kaulum - Mot Esefjorden
(1863 - 1933)
Kaulum er fødd i Bergen. Første gongen ein finn Kaulum i Balestrand er i gjestebøkene til hotellet i 1897. Han var spesielt oppteken av Esefjell. Han flytta til Balestrand og bygde huset "Jotunheimen", som vart teken av snøskred i 1928. Dette året var eit ulukkesår for Balestrand, med mange snøskred og menneskeliv som gjekk tapt. Då Jotunheimen vart teken av skreda, forsvann eit orginalt hus med mykje kunst. Han døyde i Kristiania.
Einar Enblom - Vintermotiv fra Sveits
(1900-1936)
Enblom var svensk, og var fødd i Stockholm. Trass i sin svenske herkomst, er det rett å kalle Enblom "Balholm-målar". Me veit at Enblom oppheldt seg i Balestrand over lengre periodar. Han var mellom annan god ven med Sigurd Kvikne d. e., og vart av familien Kvikne kalla Onkel Einar.
Han var i Balestrand om sommaren, og i Sveits om vinteren. Enblom døydde i Sveits berre 36 år gamal.
Aase Kvikne Bjordal - Til Villa Breim
(1921 - 2009 )
Bjordal er fødd og oppvaksen i Balestrand, og er dottera til Sigurd og Marta Kvikne, som eigde Kvikne's Hotel. Ho er utdanna ved Statens Handverks- og kunstindustriskule i Oslo, Vestlandske kunstakademi i Bergen og Bergen kunsthandverkskule. Bjordal finn motiva sine i det gamle bygdemiljøet. Teknikkar som kaldnål, akvatint, etsing og serigrafi passar godt til desse motiva. Ho har gjort mange utsmykkings-oppgåver, og hatt mange utstillingar.
Einar Enblom - Landskap
(1900-1936)
Enblom var svensk, og var fødd i Stockholm. Trass i sin svenske herkomst, er det rett å kalle Enblom "Balholm-målar". Me veit at Enblom oppheldt seg i Balestrand over lengre periodar. Han var mellom annan god ven med Sigurd Kvikne d. e., og vart av familien Kvikne kalla Onkel Einar.
Han var i Balestrand om sommaren, og i Sveits om vinteren. Enblom døydde i Sveits berre 36 år gamal.
Einar Enblom - Blått bilde

Ben Blessum - Balderhagen
(1877-1954)
Blessum er fødd i Marstein i Romsdal. Han var målar og reiselivsmann.
Han budde mesteparten av livet sitt i USA, der har leia Norges Statsbaner sitt reisekontor i New York frå 1923 til 1936.
Ben Blessum - Fridtjof's avskjed
(1877-1954)
Blessum er fødd i Marstein i Romsdal. Han var målar og reiselivsmann.
Han budde mesteparten av livet sitt i USA, der har leia Norges Statsbaner sitt reisekontor i New York frå 1923 til 1936.
Hans Fredrik Gude - Laksetrappa v/Skaasheim
(1825-1903)
Første gongen Gude var i Balestrand var i 1845. Saman med Tiedemann skapte han "Brudeferden i Hardanger" og "Ligfærden ved Sognefjorden". Gude malte landskap, medan Tiedeman malte personane. I 1849 fekk Gude i oppdrag av oscar i å vera med på utsmykkinga av Oscarshall i Oslo. Mange av bilete der har motiv henta frå Balestrand og Sogn. Han døydde i Berlin.
Niels Müller - Frå Holmen
( - 1887)
Müller er fødd i Eiker i Buskerud. Frå 1855 til 1857 var han elev hjå Hans Gude. Han måla fleire bilete frå Balholmen, og desse har stor lokalhistorisk verdi. Han døydde i Düsseldorf.
Niels Müller - Esefjell med Munken
( - 1887)
Müller er fødd i Eiker i Buskerud. Frå 1855 til 1857 var han elev hjå Hans Gude. Han måla fleire bilete frå Balholmen, og desse har stor lokalhistorisk verdi. Han døydde i Düsseldorf.