Kunstguide:

Røykesalongen Gasta Design Røykesalongen Gasta Design

Einar Emblom - Frå Munken mot Ese

(1900 - 1936)

Emblom var svensk, og var fødd i Stockholm. Trass i sin svenske herkomst, er det rett å kalle Emblom "Balholm-målar". Me veit at Emblom oppheldt seg i Balestrand over lengre periodar. Han var mellom annan god ven med Sigurd Kvikne d. e., og vart av familien Kvikne kalla Onkel Einar. Han var i Balestrand om sommaren, og i Sveits om vinteren. Emblom døydde i Sveits berre 36 år gamal.

Les mer
Røykesalongen Gasta Design Røykesalongen Gasta Design

Lars Printz - Hest og båt

(1889-1968)

Printz var fødd på Nes på Romerike. Han studerte i Kristiania under mellom andre Christian Krogh og Halfdan Strøm.

Han budde i Balestrand ganske lenge, og var godt likt av bygdefolket. Det finst mange bileter av Printz her i Balestrand.

Les mer
Røykesalongen Gasta Design Røykesalongen Gasta Design

Einar Enblom - Blått bilde frå Capri

(1900-1936)

Enblom var svensk, og var fødd i Stockholm. Trass i sin svenske herkomst, er det rett å kalle Enblom "Balholm-målar". Me veit at Enblom oppheldt seg i Balestrand over lengre periodar. Han var mellom annan god ven med Sigurd Kvikne d. e., og vart av familien Kvikne kalla Onkel Einar.

Han var i Balestrand om sommaren, og i Sveits om vinteren. Enblom døydde i Sveits berre 36 år gamal.

Les mer
Røykesalongen Gasta Design Røykesalongen Gasta Design

Adelsteen Normann - Frå Lærdalsøyri

(1848 - 1918)

Eilert Adelsteen Normann (1. mai 1848–26. desember 1918) var ein norsk målar. Han utdanna seg i Düsseldorf i Tyskland og busette seg der. Sommarstid reiste han rundt i Nord-Noreg og laga skisser. Han spesialiserte seg på romantiske fjordlandskap, gjerne med ein liten dampbåt eller seglbåt på spegelblankt hav. Normann var den fyrste frå Nord-Noreg som etablerte seg som kunstmålar.

Normann var son til ein gardbrukar og handelsmann på Vågøya i Bodin. Etter å ha rabeidd som krambusvein hos kjøpmann Koch i Bodø by, reiste han til Bergen og seinare København for å lære seg handelsyrket. Under studiane i København tok kunstinteressa overhand. Åra 1869-73 studerte han ved kunstakademiet i Düsseldorf, der han vart mykje påverka av tradisjonen til landsmannen Hans Gude. Han vart såleis ein typisk sein-düsseldorfar. Normann fann seg også ektemake og fast adresse i Rhin-byen, i ei tid då andre norske målarar søkte mot Paris.

Med sin bakgrunn frå Nordland spesialiserte Normann seg på norske fjordlandskap. Motiva fann han især i Lofoten og Nord-Norge elles, samt rundt Sognefjorden. På studiereisene i Noreg tok han skisser som han brukte til å komponere landskapsbilete i storformat. Fjordmotiva hans er gjerne prega av stupbratte fjell over solblank fjord og sjø. Lyset spela ei stor rolle i Normann sine bilete, han var av dei fyrste norske målarane som nytta midnattssola som motiv. Han skal vere opphavsmann til termen «midnattssolas land». Måleria hans vart svært populære hos det tyske kunstpublikum.

Les mer
Røykesalongen Gasta Design Røykesalongen Gasta Design

Franz Wilhelm Schiertz - Vid Bondhusbreen

(1813 - 1887)

Franz Wilhelm Schiertz (født 4. august 1813 i Leipzig; død 6. oktober 1887 i Balestrand) var en tysk-norsk maler og arkitekt.

Schiertz, sønnen av Johann Friedrich Elias Schiertz, var elev av nordmannen Johan Christian Klausson Dahl (1788–1857) i Dresden og ble kjent som landskapsmaler.

I 1836 ble han sendt til Norge for å lage arkitekturtegninger av stavkirkene i Borgund, Heddal og Urnes, som ble utgitt i Dahls verk om Norske trebygninger i 1837.

I 1841 ble stavkirken på Vang i Valdres solgt. Etter at Dahl forgjeves forsøkte å holde den i landet, fikk han den prøyssiske kongen Friedrich Wilhelm IV til å kjøpe kirken. Schiertz fikk oppdraget med å overvåke og dokumentere rivingen, transporten og gjenoppbygningen ved Krummhübel i Niederschlesien (i dag Karparcz i Polen).

I 1844 var han med Dahl på Norgereise. I revolusjonsåret 1848 støttet han oppviglerne og var nødt til å forlate Dresden. I 1851 dro han til Bergen. Schiertz utførte oppmålingstegninger Håkonshallen på oppdrag av J. C. Dahl. Den 10. mai 1856 giftet han seg i Selje med Karen Sophie Reusch Koren (født 26. august 1832 i Bergen; død 23. mars 1933), datteren til Paul Schonevig Stub Koren og Henriette Christiana Rulfs.

Han var tegner for Den norske Nordhavsekspedisjon 1876–78. Han var tegnelærer til Fridtjof Nansen og Ludvig Munthe. Han var også lærer for den unge Anders Askevold.

Graven hans befinner seg på Tjugum kirkegård ved Balestrand.

Les mer
Røykesalongen Gasta Design Røykesalongen Gasta Design

Einar Enblom - Frå Fjærland

(1900-1936)
Emblom var svensk, og var fødd i Stockholm. Trass i sin svenske herkomst, er det rett å kalle Emblom "Balholm-målar". Me veit at Emblom oppheldt seg i Balestrand over lengre periodar. Han var mellom annan god ven med Sigurd Kvikne d. e., og vart av familien Kvikne kalla Onkel Einar. Han var i Balestrand om sommaren, og i Sveits om vinteren. Emblom døydde i Sveits berre 36 år gamal.

Les mer